Kommentarar til høyringsnotat frå Språkrådet om endringer i normeringa av bokmål og nynorsk
- Thomas Hoel
- Aug 22, 2021
- 13 min read
Landslaget for språklig samling (LSS) er ein av mottakarane på høyringslista for dei reviderte retningslinjene for normering av bokmål og nynorsk. Vi har ein del kommentarar, som vi skal gjennomgå punktvis i dette dokumentet. Punkta har i hovudsak titlar som viser til dei same titlane i nynorskdelen av høyringsnotatet (avsnitta 6 og 7).
Høyringsnotatet opnar med eit oversyn over endringane frÃ¥ versjonen av retningslinjene av 2015. Sidan LSS ikkje tidlegare har sett versjonen av 2015, kommenterer vi verken den delen av høyringsÂnotatet som oppsummerer endringane (kapitlet 4. Normeringsprinsippa i gammal og ny versjon), eller den gamle versjonen, dvs. kapitla 7 og 8 (7. Gjeldande retningslinjer (nynorskversjon) og 8. Gjeldande retningslinjer (bokmÃ¥lsversjon)).
Innleiing til kommentarane
Vi ønsker Ã¥ opne kommentarane vÃ¥re med Ã¥ understreke at LSS meiner normeringa av dei norske skriftsprÃ¥ka bør skje pÃ¥ eit mest mogleg demokratisk grunnlag. Med det meiner vi at normeringa bør gjerast av eit offentleg organ som er utnemnt av Stortinget, fÃ¥r retningslinjene sine frÃ¥ Stortinget og i hovudÂsak har denne eine oppgÃ¥va Ã¥ arbeide med. Vi oppfattar SprÃ¥krÃ¥det som eit slikt organ, og ønsker at ansvaret for normeringa av de norske skriftsprÃ¥ka skal bli verande der.
Avsnitta Innleiing og 1 Kva er ei norm?
I desse avsnitta blir tydinga til omgrepa norm og normering greidd ut. Tilhøvet mellom internaliserte og fastsette normer blir forklart. Avsnittet endar slik:
Språkbrukaren lærer seg typisk dei fastsette normene gjennom formell undervisning eller annan [sic] opplæring. Målet er at dei fastsette normene skal styra språkbruken og påverka dei internaliserte normene, og eventuelt sjølve bli internaliserte normer. Eit vilkår for at ei fastsett norm skal kunna fungera som ei norm og ikkje berre eit påbod, er at den fastsette norma ikkje må bryta grunnleggjande med den internaliserte språknorma hos språkbrukarane.
I LSS tviler vi sterkt pÃ¥ om det er rett at det skal vere eit mÃ¥l at skriftnormer skal styre sprÃ¥kbruken og pÃ¥verke dei internaliserte normene til talarane. Det er vel vanlegare Ã¥ hevde det motsette synspunktet. Synspunktet blir mildna noko av ordet eventuelt, men kan likevel gi inntrykk av at retningsÂlinjene oppfattar skriftsprÃ¥k som meir grunnleggande og korrekt enn talt sprÃ¥k.
Men den siste setninga i sitatet ovafor er heilt i tråd med synet til LSS. Det er viktig at den fastsette norma (skriftnorma) ikkje bryt for mykje med den internaliserte språknorma (som vi les som talemålet) til språkbrukarane.
Avsnittet Kvifor normera?
Dette avsnittet er interessant og opnar for grunnleggande spørsmÃ¥l: Kva for samfunnsmessige behov er det ein ønsker Ã¥ tilfredsstille gjennom ei normerÂing? Korleis bør ei norm vere innretta for at brukarane av norsk skriftsprÃ¥k skal ha mest mogleg nytte av ho? Men LSS kan ikkje sjÃ¥ at spørsÂmÃ¥l av denne typen blir drøfta i særleg grad i diskusjonen i avsnittet. I staden finn vi ein meir teknisk diskusjon der vekta blir lagd pÃ¥ Ã¥ syne at skriftsprÃ¥k er noko anna enn talesprÃ¥k. Det er sjølvsagt ikkje urett, men her blir dette poenget dratt sÃ¥ langt ut at teksten i stor grad opphevar det som blei skrive i innleiinga av avsnittet: "Opphavet til eit skriftsprÃ¥k er skriftfesting av eit eksisterande talemÃ¥l [...]". Vi er redde for at ei tilnærming der skriftsprÃ¥k blir oppfatta som noko anna enn taleÂsprÃ¥k, lett kan føre med seg at ein nedgraderer den innverknaden utviklinÂga i talemÃ¥let bør ha for normeringa av skriftsprÃ¥ket.
Verre er det at synet pÃ¥ skriftsprÃ¥k som vesensforskjellig frÃ¥ talesprÃ¥k gjer at perspektivet pÃ¥ skriftsprÃ¥ket som ein arbeidsreiskap fell ut av diskusjonen. I staden dreier teksten i avsnittet seg om to andre hovudpoeng: For det første at skriftsprÃ¥k er noko anna enn talemÃ¥l: "SÃ¥leis er eit skriftsprÃ¥k òg eit eige, sjølvstendig sprÃ¥k som mÃ¥ lærast; det er ikkje berre eit transkripsjonssystem for tale". For det andre er teksten opptatt av det den kallar historisk "djupn" i skriftsprÃ¥k, dvs. at skrivne tekstar skal kunne lesast lenge etter at forfattaren har gÃ¥tt bort. Desse synspunkta leier fram mot rangeringa av ulike normeringsÂprinsipp seinare i notatet (avsnitt 6), og er mellom anna noko av grunnlaget for Ã¥ gi det sÃ¥kalla stabilitetsprinsippet ei viktig rolle.
LSS meiner at omtale av den sentrale funksjonen skriftsprÃ¥k har som ein arbeidsreiskap i samtida burde fÃ¥tt plass i avsnittet. Samhandling av meir forÂmell karakter personar imellom og mellom personar og institusjonar/bedrifter gÃ¥r ofte føre seg skriftleg, i dag òg antakeleg meir enn tidlegare. Kontraktar, avtalar, bruksrettleiingar og lovtekstar mÃ¥ kunne lesast og forÂstÃ¥ast. Det kan vere naudsynt Ã¥ utforme ein søknad, ei klage eller ein rapport. Det er ein trend i tida at mykje kommunikasjon av bÃ¥de formell og uformell art skjer skriftleg, gjerne via eit tastatur og ei skjermside. Dagens samfunn er sÃ¥pass samansett at ein person som ikkje kjenner seg heime ved Ã¥ uttrykke seg skriftleg, har eit handikapp.
Går vi tilbake til dei to spørsmåla vi reiste innleiingsvis (om samfunnsmessige behov og nytte for brukarane), ønsker LSS derfor at oppgåva til skriftspråket som ein arbeidsreiskap i samtida må bli tatt inn i teksten i dette avsnittet. Nytteverdien av skriftspråket som ein arbeidsreiskap bør òg bli vektlagd som minst like viktig som den meir historiske oppgåva til skriftspråket. For å kunne tene som ein arbeidsreiskap må skriftspråket vere ope for å ta opp i seg den utviklinga som skjer i både talespråk og skriftspråk over tid. Det kjem vi tilbake til seinare.
Avsnittet endar med ei oversikt over kva slags tekstar som kan leggast til grunn for normeringsÂarbeidet. Her stÃ¥r det mellom anna:
I vår digitale tidsalder er det naturleg at det òg blir lagt vekt på nyare digitale sjangrar. Dette føreset at tekstane har ein viss permanens og ikkje er del av ein flyktig digital straum av kommentarar og innlegg i sosiale medium, og at ein kan gå ut frå at tekstane har vore gjennom ei viss redigering og kvalitetssikring.
I LSS er vi samde i at nyare digitale sjangrar mÃ¥ komme med i grunnlaget for normeringa, men kravet om avgrensing gjennom permanens og "redigering og kvalitetssikring" finn vi bÃ¥de underleg og strengt. Det gÃ¥r tilbake til synet vÃ¥rt pÃ¥ skriftsprÃ¥ket som ein arbeidsreiskap. Eit skriftstykke blir skrive for Ã¥ bli forstÃ¥tt. Skrivaren "kvalitetssikrar" teksten ut frÃ¥ dette omsynet og si eiga sprÃ¥kÂkjensle. Det bør ein kunne oppfatte som eit innspel frÃ¥ skrivaren om korleis ho/han ønsker at skriftsprÃ¥ket skal vere. Permanens er i denne samanÂhengen eit underleg krav. Teksten har ein verdi sÃ¥ lenge nokon les han og gjer seg nytte av han. Det gjeld anten teksten er ei bok, ei avis eller eit digiÂtalt skriftstykke. Teksten er uansett formulert og publisert, uavhengig av graden av permanens.
Nemninga "digitale sjangrar" dekker ei rad ulike typar skriftstykke. Aviser og bøker er vel etablerte som digitale medium ved sida av utgÃ¥ver pÃ¥ papir. Offentlege dokument av ymse slag er i dag i regelen lettare tilgjengelege digitalt enn pÃ¥ prent. Til "nyare digitale sjangrar" vil vi òg rekna sms-ar, e-postmeldingar, innlegg i sosiale medium og innlegg i kommentarfelt av ymse slag. Mens sms-ar oftast er del av ein ein-til-ein-kommunikasjon, rekk e-postmeldingar og tekstar i sosiale medium og andre kommentarfelt i regelen ut til langt fleire. PÃ¥ linje med tekstar i digitale aviser bør dei takast med i grunnÂlaget for normeringa av dei norske skriftsprÃ¥ka.
Nokon kan tenkast innvende at det ikkje alltid er så enkelt å avgjere kva for skriftspråk ein tekst skal reknast å høyre til. Det kan ein vel velje å tolke som eit høve for at ordformene i teksten det gjeld, bør komme med i både nynorsk og bokmål.
Punkt 6.2 Prinsipp for normeringa av bokmål
Punkt 6.2 startar med ei oversikt over dei prinsippa SprÃ¥krÃ¥det ønsker Ã¥ følge i normeringa av bokmÃ¥let. Her nemnast òg at prinsippa for bokmÃ¥let i stor grad fell saman med prinsippa for normering av nynorsken, og vidare finn vi: "I trÃ¥d med sprÃ¥klova og andre styringsÂdokument er dei to første prinsippa – sjølvstende og stabilitet – overordna dei andre prinsippa. Bruksprinsippet speler òg ei overordna rolle i tilfelle der det er snakk om Ã¥ gjera endringar i norma."
LSS har kommentarar både til den rangeringa av prinsippa som er nemnd her og til fleire av enkeltprinsippa. Kommentarane gjeld i det store og heile òg for dei tilsvarande prinsippa for nynorsk.
6.2.1 Sjølvstendeprinsippet
Sjølvstendeprinsippet først. Prinsippet blir presentert slik i høyringsnotatet:
Bokmålet skal normerast på grunnlag av sin eigen skriftlege praksis og si eiga utvikling, og uavhengig av nynorsk. Dersom bruk, tradisjon og språksystematiske omsyn ikkje taler for noko anna, skal ein likevel unngå skilnader mellom dei to skriftspråka når det gjeld bøyingstypar for ulike ord og genus for substantiv.
LSS meiner at sjølvstendeprinsippet, slik det er sett opp ovafor, er probleÂmatisk, lite tenleg og vanskeleg Ã¥ gjennomføre. Det er særleg to aspekt av prinsippet vi ønsker Ã¥ sette fingeren pÃ¥:
Eigen skriftleg praksis og utvikling. Sjølvstendeprinsippet føreset at bokmÃ¥let har ein eigen skriftleg praksis og ei eiga utvikling, slik at det kan normerast "uavhengig av nynorsk". Men dette ser vi som ei sterk forenkling av den sprÃ¥klege verkelegheita i Noreg. I røynda lever brukarÂane av dei to skriftsprÃ¥ka vÃ¥re i eit samfunn der dei dagleg opplever bruk av begge skriftsprÃ¥ka, bÃ¥de i skriftleg og munnleg praksis. Talt norsk ligg oftast ein plass imellom dei to skriftsprÃ¥ka, og det er vel kjent at ord, uttrykk og bøyingsformer ogsÃ¥ i skrift blir nytta pÃ¥ tvers av dei to normene. Ein skal ha ei noksÃ¥ snever tilnærming til saka for Ã¥ hevde at bokmÃ¥l og nynorsk utviklar seg uavhengig av kvarandre. Det er heller ikkje rimeleg Ã¥ snakke om "eigen" praksis for dei to skriftsprÃ¥ka. Tvert om er vel heller praksis i dag at bokmÃ¥ls- og nynorsktekstar oftast nyttast om kvarandre og kan blandast friare enn nokonsinne. Det er derfor god grunn til Ã¥ legge vekt pÃ¥ setning to i sitatet ovafor, om at ein skal unngÃ¥ skilnader mellom skriftsprÃ¥ka dersom "bruk, tradisjon og og sprÃ¥ksystematiske omsyn" taler for det.
Eiga utvikling og husnormer. I den grad ein likevel ønsker Ã¥ diskutere kva ein eigen praksis kan vere, nyttar ein som datagrunnlag gjerne store tekstkorpus der boktekstar og avistekstar dominerer. Her støyter ein pÃ¥ det problemet at slike tekstar i regelen allereie har blitt normert ved at utgjevaren har nytta ei eiga norm, ei husnorm. I desse tilfella, som nok utgjer ein relativt stor del av grunnlagsdataa for normeringa, er det altsÃ¥ ikkje bokmÃ¥lets eigne praksis eller eigne utvikling vi ser reflektert. I staden møter vi tekstar utforma etter ei privat norm. Dei private normene vi i LSS kjenner til, er alle ganske eins, og for bokmÃ¥lets vedkommande høyrer dei heime i den meir konservative delen av bokmÃ¥lsfloraen. Den mykje vidare variasjonen ein møter rundt om i bokmÃ¥lsnære dialekter, blir overkøyrd av nokon fÃ¥ mediebedrifter. I den grad husnormerte tekstar blir nytta som grunnlag for normering av bokmÃ¥let, er det ikkje urett Ã¥ seie at nokon har funne ein privat bakveg inn til normeringa av norsk skriftsprÃ¥k, til ei normering som i utgangspunktet skulle vere offentleg og finne stad pÃ¥ vegner av fleirtalet av brukarar. Overdrive bruk av husÂnormerte grunnlagsÂdata kan derfor reise spørsmÃ¥l om habiliteten til ei normering.
Det skulle vere greit Ã¥ forstÃ¥ at vi i LSS er lite nøgde med sjølvstendeprinsippet slik det er formulert i høyringsnotatet. Vi meiner det i stor grad er teori med ei noksÃ¥ laus forankring i verkelegheita. Dei to skriftsprÃ¥ka er sÃ¥ like kvarandre og nyttast sÃ¥ mykje om kvarandre, at det er vanskeleg Ã¥ tale om eigen praksis og eiga utvikling. Det er òg urimeleg Ã¥ vente at folk skal kunne halde dei to normene klart frÃ¥ einannan. Etter LSS si meining bør ein i staden legge vekt pÃ¥ at normeringa bør følge den generelle sprÃ¥kutviklinga i norsk. Skal normeringa vere reell og fruktbar, bør ein i valet av datatilfang for normeringa òg vere varsam med Ã¥ nytte tekstar som allereie er normert gjennom ei eller anna husnorm. Vi foreslÃ¥r derfor at definisjonen av sjølvstendeprinsippet i høyringsÂnotatet blir justert i retning av formuleringa under. Byter ein ut bokmÃ¥l med nynorsk, gjeld prinsippet òg for nynorsk:
Bokmålet skal normerast på grunnlag av tradisjon og skriftleg praksis, og skal spegle den utviklinga som finn stad i norsk språk. Datatilfanget som blir lagt til grunn for normeringa, skal i hovudsak vere tekstar som ikkje er prega av førehandsnormering. Dersom bruk, tradisjon og språksystematiske omsyn taler for det, skal ein unngå skilnader mellom dei to skriftspråka når det gjeld bøyingstypar for ulike ord og genus for substantiv.
6.2.2 Stabilitetsprinsippet
Stabilitetsprinsippet er formulert slik i høyringsnotatet:
Rettskrivinga av 2005 skal ikkje endrast vesentleg, men det kan gjerast mindre justeringar. Slike justeringar omfattar i første rekkje ord som ikkje har vore normerte før, retting av inkonsekvensar i tidlegare normering og i oppfølginga av den, og normendringar som følgjer av at ordformer kjem inn i eller går ut av bruk i skriftleg praksis. I tillegg kan det bli aktuelt å gjera visse justeringar som følgje av systematisk undersøking av bruk, jf. sitatet frå språklovproposisjonen i pkt. 6.1 over.
Stabilitet over tid kan i utgangspunktet vere eit tenleg prinsipp, men å avgrense stabilitet til at det berre kan gjerast mindre justeringar, slik ordlyden seier, gir fort ein konflikt med neste prinsipp, Bruksprinsippet. Avgrensinga verkar òg langt strengare enn § 3 i Vedtekter for Språkrådet legg opp til. Det står ikkje nokon plass i Vedtektene at Språkrådet skal halde seg til ei spesifisert rettskriving, tvert imot står det at "Språkrådet [...] og gjer bindande normeringsvedtak når språkutviklinga tilseier det."
Det er òg uklÃ¥rt for LSS kor formÃ¥lstenleg det er Ã¥ forankre stabiliteten i Rettskrivinga av 2005, som nÃ¥ er 16 Ã¥r gammal, eller i ei spesifisert rettskriving i det heile. Stabilitet over tid bør heller oppÂfattast meir generelt som eit "glidande" prinsipp om at endringar pÃ¥ kort sikt ikkje bør være for store eller for brÃ¥.
Den siste setninga i Stabilitetsprinsippet, om Ã¥ gjere visse justeringar som følge av systematisk undersøking av bruk, er i trÃ¥d med LSS sitt syn pÃ¥ korleis ei rettskriving skal normerast. I punkt 6.1 vil SprÃ¥krÃ¥det nytta "store korpus med bokmÃ¥lstekst" til det føremÃ¥let. Vi føreset da, som tidlegare nemnt, at tekstar som allereie er normerte gjennom husnormer, ikkje fÃ¥r nokon dominerande plass i desse korpusa. I tillegg mÃ¥ data frÃ¥ talemÃ¥let komme med i normeringsÂgrunnlaget.
LSS meiner altså at Stabilitetsprinsippet slik det er formulert, er for stramt og gjer det vanskeleg å normere på ein realistisk måte. Referansen til rettskrivinga av 2005 bør takast ut, ei formulering om meir "glidande" stabilitet over tid bør komme inn, og avgrensinga av moglege justeringar bør opnast slik at ho kjem på linje med avgrensinga i § 3 i Vedtektene for Språkrådet.
6.2.3 Bruksprinsippet
Først som tredje prioritet blant prinsippa finn vi Bruksprinsippet. I punkt 6.2 står følgande: "I tråd med språklova og andre styringsdokument er dei to første prinsippa – sjølvstende og stabilitet – overordna dei andre prinsippa." Det er mogleg at denne utsegna er i tråd med språklova, men vi i LSS har ikkje klart å finne nokon formuleringar i språklova som støttar utsegna. Og enda klarare: Verken ordet sjølvstende eller ordet stabilitet er nytta i språklova. Vi har heller ikkje klart å finne forskrifter til lova som seier noko om dette. Kva som er meint med "andre styringsdokument" veit ikkje LSS og kan derfor ikkje kontrollere utsegna på dette punktet. Vi stiller oss derfor noko undrande til grunnlaget for denne prioriteringa av prinsippa.
Som nemnt tidlegare i høyringskommentarane våre er prioriteringa av Bruksprinsippet etter både Sjølvstende- og Stabilitetsprinsippet ei gåte for LSS. Vårt grunnsyn er at den faktiske daglege bruken av språket, i både skrift og tale, bør være den viktigaste faktoren når eit skriftspråk skal normerast. Det er vel òg meir i tråd med § 9 i Vedtektene for Språkrådet, som seier: "Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa." LSS sitt hovudsyn er derfor at Bruksprinsippet bør oppgraderast til å vere det fremste prinsippet i Retningslinjer for normering.
LSS stiller seg òg undrande til fleire sider av utforminga av Bruksprinsippet i Retningslinjer. Vi tar det punktvis:
Første avsnitt i definisjonen av Bruksprinsippet lyder: "Det vesentlege grunnlaget for normeringa av bokmÃ¥l er sprÃ¥ket slik det ser ut i bokmÃ¥lsÂtekstar. Normeringsgrunnlaget er i første rekkje tekstar som har vore gjennom ein redigeringsprosess. Det er ikkje eit avgjerande kriterium kva slags medium teksten er publisert i (jf. siste avsnittet i kapittel 2)." LSS meiner at første setninga i dette sitatet fører til at tekstar fÃ¥r ei uhøveleg stor vekt i normeringsgrunnlaget. Vi meiner at praksis frÃ¥ talemÃ¥let mÃ¥ nyttast som normeringsÂgrunnlag i minst like stor grad som tekstar. Det er trass alt i talemÃ¥let brorparten av sprÃ¥kutviklinga finn stad. Vi er heller ikkje nøgde med avgrensinga om at tekstane mÃ¥ ha vore gjennom ei redigeringsprosess. Sett frÃ¥ vÃ¥r stÃ¥stad er det verken ønskeleg (pÃ¥ grunn av pÃ¥verking frÃ¥ husnormer) eller nødvendig. Ein mÃ¥ kunne nytte bÃ¥de redigerte og uredigerte tekstar som grunnlag for normeringsarbeidet.
Andre avsnitt i definisjonen lyder: "Vurderingar pÃ¥ bakgrunn av bruksÂprinsippet mÃ¥ byggja pÃ¥ undersøkingar av store korpus av bokmÃ¥lsÂtekstar som har god sjangerspreiing og regional spreiing og som bÃ¥de speglar dagens sprÃ¥k og gÃ¥r nokre tiÃ¥r tilbake i tid." God spreiing med omsyn til sjangrar og regionar er i trÃ¥d med LSS sitt syn, men vi ønsker at tekstane først og fremst skal spegle dagens sprÃ¥k. SprÃ¥ket nokre tiÃ¥r tilbake mÃ¥ vi føresette at allereie har blitt tatt omsyn til. Og igjen: "Husnormerte" tekstar mÃ¥ ikkje fÃ¥ dominere korpusa som blir nytta. Som nemnt ovanfor meiner vi det er viktig at korpus basert pÃ¥ talemÃ¥l kjem med ved undersøking av sprÃ¥kbruk. Ei rekke ordformer som er vanlege i det som reknast som bokmÃ¥lsnære dialekter, er ikkje tatt med i Rettskrivinga av 2005. Dei fleste av desse ordformene representerer ei tilnærming til nynorsk. Det er grunn til Ã¥ tru at utelatinga kjem av at "husnormer" dominerer i dei korpusa som har blitt nytta i normeringa, og at talemÃ¥l er lite representert.
Fjerde avsnitt i definisjonen lyder: "Sjølv om ein primært skal ta omsyn til bruk i skriftlege tekstar, kan det òg vera aktuelt Ã¥ ta omsyn til bruk i munnleg sprÃ¥k. Særleg gjeld det tilfelle der det er vanskeleg Ã¥ finna tilstrekkelege data i skriftlege kjelder." Eit viktig prinsipp for LSS er at det skal vere enkelt for folk Ã¥ formulere seg skriftleg, og da mÃ¥ ikkje skiljet mellom tale og skrift vere for stort. Vi meiner derfor at observasjonar frÃ¥ munnleg sprÃ¥kÂbruk mÃ¥ vektleggast pÃ¥ linje med skriftleg sprÃ¥kbruk. Det kan òg vere greitt Ã¥ ha i minne at sprÃ¥kendringar og sprÃ¥klege utviklingstendensar i regelen først syner seg i munnleg sprÃ¥kbruk.
6.2.5 Enkelheitsprinsippet
Omtala av dette prinsippet startar slik: "Normeringa skal i størst mogleg grad gjelda klassar av ord snarare enn einskildord, slik at innslaget av unntak i bøyingsmønstera blir så få som råd." LSS støttar dette prinsippet, men vil kommentere at det nok ikkje er gjennomført i så stor grad som prinsippet ser ut til å tilseie og som vi kunne ønske. Særleg i bøyinga av svake verb finn vi ein del unntak frå dei generelle bøyingsmønstera. LSS ser gjerne at Språkrådet tar ein gjennomgang av rettskrivinga av 2005 på dette området.
7 Særskilt om nynorsk
Som tidlegare nemnt gjeld det meste av dei prinsipielle kommentarane våre like mykje for nynorsk som for bokmål. Det er likevel eit par punkt der det som er skrive om nynorsk skil seg noko frå det tilsvarande for bokmål. Desse punkta kommenterer vi her.
7.1 Bakgrunn
I omtala av nynorskrettskrivinga frÃ¥ 2012 og mandatet for nemnda bak rettÂskrivinga stÃ¥r mellom anna følgande:
Vidare skulle norma «appellera til språkbrukarar over heile landet og [gi] rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar». Desse føringane er framleis retningsgjevande for normeringsarbeidet når det gjeld nynorsk.
LSS ser det som positivt at nynorsknorma skal appellere til språkbrukarar over heile landet og gi rom for former i allmenn bruk blant nynorskbrukarar. Vi vonar at det vil opne for at fleire ordformer med rot i bokmålsnære dialekter vil kunne bli tatt inn i nynorskrettskrvinga.
Også for nynorsken er det tatt inn ein passus om stabilitet: "2012-rettskrivinga bør i all hovudsak liggja fast i tida framover [...]" Som for bokmålet meiner LSS at det er uklokt å låse seg til ei spesifikk rettskriving, og at stabilitet heller bør følge eit "glidande" prinsipp ved at endringar på kort sikt ikkje bør være for store eller for brå.
Dei einskilde prinsippa i avsnitt 7
Også for nynorsk er Bruksprinsippet nedgradert til tredje prioritet. LSS har same kommentar til det for nynorsk som for bokmål: Bruksprinsippet bør vere det fremste og mest grunnleggande av prinsippa.
Ein litt merkeleg skilnad mellom omtala av prinsippa for bokmÃ¥l og nynorsk syner seg ved at ordet talemÃ¥l i det heile ikkje er nemnt for bokmÃ¥let, medan ordet blir nytta heile 7 gongar ved prinsippa for nynorsk! Aller klarast kjem skilnaden fram ved at nynorsk har fÃ¥tt eit eige prinsipp som bokmÃ¥let saknar: 7.2.6 TalemÃ¥lsprinsippet. LSS er i det heile godt nøgd med det som er skrive under dette prinsippet, men meiner samstundes at det kan vere uklokt Ã¥ avgrense det talemÃ¥lsÂgrunnlaget ein vil legge til grunn for normeringa altfor sterkt til "kjerneomrÃ¥da for nynorsk" slik prinsippet ser ut til Ã¥ legge opp til. Skal nynorsken vinne fram og fÃ¥ fleire brukarar, burde ein vel heller hente impulsar frÃ¥ omrÃ¥de utanfor kjerneomrÃ¥da, som vel skulle vere godt dekka allereie? Det kan verke som mandatet for rettskrivinga av 2012 hadde eit vidare grunnsyn pÃ¥ dette omrÃ¥det.
Alt i alt ser vi i LSS positivt på at det vi peika på som ein mangel for bokmål, talemålsgrunnlag i normeringa, ser ut til å bli oppfatta som ei meir aktuell kjelde for normeringa av nynorsk.

























