Framlegg til Språkrådet om justeringar i bokmålet
- leder668
- Feb 19
- 6 min read
Januar 2025
Landslaget for språklig samling (LSS)
Framlegg til Språkrådet om justeringar i rettskrivingsnorma for bokmål
Det har i nærmare 200 år vore tradisjon i Norge å arbeide for å tilpasse skriftspråket etter det talte målet i landet. Tilpassinga har blitt gjort gjennom ei lang rekke av rettskrivingsreformar og justeringar av gjeldande rettskrivingsnormer. Målet med endringane er å utforme eit skriftspråk som kan vere eit intuitivt og enkelt verktøy for språkbrukarane.
Ei talemÃ¥lsnær skriftnorm gjer det enklare for folk Ã¥ uttrykke seg skriftleg. Det er òg ei kjensgjerÂning at ei rettskrivingsnorm med nærleik til talemÃ¥let gjer det enklare for barn Ã¥ lære bÃ¥de Ã¥ lese og Ã¥ skrive. Prinsippet om nærleik mellom talt og skrive sprÃ¥k gjeld ikkje berre i vÃ¥r tid, men er grunnlaget for framveksten av skriftsprÃ¥k, og, historisk sett, ein viktig del av bakgrunnen for at de moderne europeiske sprÃ¥ka etter kvart har fÃ¥tt den forma dei har i dag. Det er altsÃ¥ fleire gode grunnar for Ã¥ arbeide for at skriftsprÃ¥ket mÃ¥ ta opp i seg sprÃ¥ktrekk som er vanlege i talemÃ¥let i omrÃ¥det der skriftsprÃ¥ket blir brukt.
I trÃ¥d med dette vil Landslaget for sprÃ¥klig samling i dette skrivet legge fram fire forslag til enkeltÂendringar i rettskrivingsnorma for bokmÃ¥l. Hovudgrunngivinga for forslaga er det LSS ser som manglande nærleik mellom bokmÃ¥lsnorma og talemÃ¥let i bokmÃ¥lsomrÃ¥det. Med bokmÃ¥lsomrÃ¥det meiner vi det omrÃ¥det der bokmÃ¥let er anten einerÃ¥dande eller hovudalternativet i kommunal sakshandsaming og i opplæringa i skolen. LSS meiner at ein, ut frÃ¥ prinsippet om nærleik mellom talemÃ¥l og skriftsprÃ¥k, ved utforminga av ei skriftnorm har eit ansvar for at norma skal være mest mogleg tenleg for det omrÃ¥det der norma blir brukt. Om omfanget av bruksomrÃ¥det aukar, mÃ¥ ein vere villig til Ã¥ justere norma ut frÃ¥ dei sprÃ¥ktrekka som blir meir sentrale etter utvidinga av bruksomrÃ¥det.
Med bokmålsområdet meiner LSS først og fremst dei åtte fylka der ingen av kommunane har valt nynorsk som administrasjonsspråk, dvs. Østfold, Akershus, Oslo, Vestfold, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. I tillegg kjem dei 10 kystkommunane i Agder fylke som anten har valt bokmål (Flekkefjord, Farsund, Lindesnes, Lillesand, Grimstad, Arendal og Tvedestrand) eller har valt å vere språkleg nøytrale (Lyngdal, Kristiansand og Risør), og dei to fylka Buskerud og Innlandet, der berre dei 10 minst folkerike av i alt 64 kommunar har valt nynorsk. Ut frå forholdstalet mellom bokmåls- og nynorskvedtak er det all grunn til å gå ut frå at bokmål er det skriftspråket som blir føretrekt i kommunane i dette området, der meir enn 80 prosent av Norges innbyggarar bur.
Antalet kommunar med nynorsk sprÃ¥kvedtak har i lengre tid hatt ein synkande tendens. Det same gjeld for andelen elevar med nynorsk som hovudmÃ¥l, som nÃ¥ er pÃ¥ vel 11 prosent. Men det er ein skilnad mellom kommunar og elevar: Mens kommunar kan velje Ã¥ gÃ¥ over til anten bokmÃ¥l eller nøytral sprÃ¥kform, er elevane som vel bort nynorsk nøydde til Ã¥ velje bokmÃ¥l i staden. Det er derfor i hovudsak bokmÃ¥let som tar over i skolen nÃ¥r ein kommune eller ein elev vel bort nynorsk. Det gÃ¥r føre seg ein glidande overgang frÃ¥ nynorsk til bokmÃ¥l. Denne overgangen fører til at bokmÃ¥lsomrÃ¥det stadig aukar, ved at omrÃ¥de som tidlegare teknisk sett blei rekna som nynorskÂomrÃ¥de, i dag høyrer til bokmÃ¥lsomrÃ¥det. Det er likevel ikkje grunn til Ã¥ tru at talemÃ¥let i desse omrÃ¥da endrar seg i takt med endringa i vald sprÃ¥kform, sÃ¥ eit skifte av sprÃ¥kform i ein kommune fører med seg at talemÃ¥lsgrunnlaget for bokmÃ¥let som heilskap endrar seg i det samla bokmÃ¥lsÂomrÃ¥det. Desse endringane bør fÃ¥ verkning for normeringa av bokmÃ¥let, og LSS har desse framlegga til justering av rettskrivingsnorma for bokmÃ¥l:
Pronomenforma eg tas inn som valfri variant av pronomenforma jeg.
Pronomenforma ho tas inn som valfri variant av pronomenforma hun.
Eigeforma dems tas inn som valfri variant for deres i 3. person fleirtal.
Adverbet ikkje tas inn som valfri variant av adverbet ikke.
Ei nærmare grunngiving for framlegga følger her.
1. Eg tas inn som valfri variant av pronomenforma jeg
Store delar av bokmÃ¥lsomrÃ¥det nyttar i talemÃ¥let ein variant av pronomenet for 1. person eintal som startar med ein av vokallydane e eller æ. I enkelte delar av omrÃ¥det endar pronomenet pÃ¥ ein g- eller j-lyd. Dei delane av bokmÃ¥lsomrÃ¥det der pronomenvarianten startar med ein e- eller æ-lyd omfatter dei fire nordlegaste fylka og delar av Innlandet og Buskerud, og er antakeleg òg den vanlegaste varianten i dei 10 kystnære Agder-kommunane. Utanom det vi har kalla bokmÃ¥lsÂomrÃ¥det, er e-/æ-forma den vanlegaste pronomenvarianten ogsÃ¥ i nøytrale kommunar der bokmÃ¥l blir brukt i stor grad, f.eks. Bergen og Ã…lesund. LSS gjer framlegg om at desse pronomenvariantane skal representerast i bokmÃ¥let ved skriftforma eg.
E-/æ-varianten er ikkje den mest frekvente pronomenvarianten innafor bokmålsområdet, men står likevel så sterkt at bruken i seg sjølv forsvarer å ta den inn i norma som ein alternativ variant. I tillegg talar det store samanhengande nordlege bruksområdet for å sjå varianten som ein landsdelsvariant, noko som gir meir tyngde til kravet om at e-/æ-varianten gjennom skriftforma eg bør bli ein del av bokmålsnorma.
2. Ho tas inn som valfri variant av pronomenforma hun
Til skilnad frå dei andre framlegga er ikkje pronomenvarianten ho (3. person eintal hokjønn) ukjend i bokmålsnorma. Den var med der inntil omnormeringa i 2005, da ho fall ut. LSS meiner at det var uheldig å ta denne forma ut av norma i 2005 og ønsker at forma skal tas inn igjen.
Framlegget bygger på at forma ho etter alle solemerke er det vanlegaste hokjønnspronomenet i talemålet i bokmålsområdet. Ho (eller nokon plassar hu) er òg den klart dominerande forma i nær sagt heile landet. Ut frå det meiner LSS at desse formene bør vere representert i bokmålsnorma ved fellesnemnaren ho.
3. Eigeforma dems tas inn som valfri variant for deres i 3. person fleirtal
Frå dansk har bokmålet arva eigeforma deres i 3. person fleirtal. Men medan ein i dansk skil mellom eigeforma jeres i 2. person fleirtal og eigeforma deres i 3. person fleirtal, har bokmålet forenkla og bruker deres i begge tilfella. Dette fører til at pronomensystemet i bokmål kan seiast å ha ein defekt; til dømes vil setninga "Har dere tatt bøkene deres?" vere tvitydig. Ein kan ikkje ut frå eigeforma aleine avgjere eigedomsforholdet til bøkene.
Nynorsk er meir presist enn bokmålet på dette området og skil mellom dykkar/dokkar som eigeform i 2. person fleirtal og deira i 3. person fleirtal. Det same gjeld for dei fleste variantane av norsk talespråk, som òg er meir presise enn bokmålet. Vanlege variantar for 2. person fleirtal er deres/ dykkar/ dokkar og liknande former, medan ein i 3. person fleirtal gjerne finn former med nært samband til det personlege pronomenet for 3. person, til dømes dems/ døms/ demmes/ demmers/ dis/ dises og liknande. I talemålet i bokmålsområdet er bruken av desse formene for 3. person fleirtal vel så vanleg som den defekte forma deres. Ein grei fellesnemnar for desse formene kan vere forma dems.
LSS meiner at eit skriftspråk skal vere ein tenleg reiskap for dei som skal nytte det, og at bokmålet derfor må tilpasse seg talemålet i områda der skriftspråket blir nytta. LSS gjer framlegg om at dei eigeformsvariantane vi har nemnt ovafor skal representerast i bokmålet ved at forma dems blir tatt inn som valfri eigeformsvariant til forma deres i 3. person fleirtal.
4. Adverbet ikkje tas inn som valfri variant av adverbet ikke.
Adverbforma ikke er truleg den mest frekvente i bokmålsområdet, men andre former har òg ein svært høg frekvens. Dei vanlegaste er ikkje og itte og variantar av dem. LSS har ikkje tal for bruken av ikkje og itte med variantar i bokmålsområdet, men ser vi landet under eitt, er det klart at ikkje/ itte med variantar nok er om lag like frekvente talemålsformer som ikke. LSS gjer derfor framlegg om at ikkje blir tatt inn i bokmålsnorma som valfri variant av ikke.
Argumenta for dette framlegget er dei same som for dei andre framlegga: Eit skriftsprÃ¥k skal vere tenleg ved at det ikkje er unødig vanskeleg verken Ã¥ lære i skolen eller Ã¥ nytte i skriftleg framstilÂling. Det bør derfor ikkje avvike mykje frÃ¥ det generelle talemÃ¥lsgrunnlaget i nedslagsomrÃ¥det sitt. Dette er særleg viktig for ord som har høg frekvens i nær sagt alle tekstar, som til dømes ikkje/ikke.

























