Ja, dei smeltar saman – og det er heilt naturleg, Hegna

Halvard Hegna skuldar i eit innlegg på debattsidene i Klassekampen 14.september både Sylfest Lomheim og Noregs Mållag for ettergjeving andsynes språkutviklinga i Noreg. Ankepunktet hans ser ut til å vere at dei båe meiner at talemålet er det primære og at skriftspråket må rette seg etter utviklinga i talemålet. Han siterer òg Noregs Mållag, som i ei fråsegn fra 2013 mellom anna seier: «Gjennom nynorsk held vi oppe presset for talemålsnært skriftspråk og respekten for språkleg mangfald.»

Men at eit talemålsnært skriftspråk skulle vere forargeleg på noko vis, er ikkje lett å forstå. Å legge skriftspråket nært opp til talemålet var eit grunnprinsipp og ei målsetting for både Ivar Aasen og Knud Knudsen for 150 år sidan. At talemålet i Noreg har utvikla seg sidan da, har fått konsekvensar for utforminga av både nynorsk og bokmål, men det endrar ikkje på grunnprinsippet om at det må vere eit nært samband mellom tale og skrift. Ein kan ikkje tolke dei 150 år gamle framlegga til Aasen og Knudsen som den endelege løysinga for skriftspråket i Noreg. Hegna har nok rett i at nynorsken har måtta endre seg noko meir enn bokmålet, men det endrar ikkje prinsippet.

Det er vanskeleg å sjå bort frå at det faktisk er langt fleire som skriv bokmål enn nynorsk. God norsk kan òg skrivast på bokmål – det er ikkje berre valet av ordliste som avgjer om ein tekst blir god. Mellom anna kan det høve å minne om at bokmål inneheld ei mengde valfrie former som nærmar seg til nynorsk og samstundes samsvarer godt med det austnorske talemålet, som vel òg må ha lov å kalle seg folkemål. Dei bør brukast! Og så einvegs som Hegna framstiller det, har utviklinga heller ikkje vore. Lån av ord og uttrykk har gått og går båe vegar; mange ord og uttrykk frå nynorsk har fått plass i bokmålet.

Det er ellers vanskeleg å sjå bort frå at utviklinga ser ut til å gå nettopp den vegen som Sylfest Lomheim hevdar i onsdagsspalta si i KK 2. september. Folk skriv meir offentleg nå enn tidlegare, dei har det med å skrive slik dei snakkar, og dei fleste snakkar noe som ein vel kan meine ligg ein plass mellom nynorsk og bokmål. Og slik skriv dei òg, særleg på sosiale medier. Nynorsk og bokmål er ikkje veldig ulike i den store samanhengen. Ein kan ganske fritt blande ord og uttrykk frå dei to, nye ord kommer i regelen inn i båe i same form, og viktigast: Dei fleste unge i dag har eit heller lunkent tilhøve til språkhistoria, og ser skiljet mellom nynorsk og bokmål som meir brysamt enn fruktbart. Dei unge får det gjerne som dei vil, så om ein skal sjå den språklege framtida gjennom krystallkula, trur eg Lomheim har rett. Om ein generasjon eller to har nynorsk og bokmål smelta saman, på det eine eller andre viset.

Framheva poster
Siste innlegg
Arkiv
Søk på tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Landslaget for språklig samling

  • w-facebook
  • Twitter Clean