top of page

Språk og målform

Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom skreiv i Klassekampen 18. juli om termen "målform". Ho meiner vi bør slutte å bruke denne termen, fordi, som ho hevdar, han er ein arv m.a. frå samnorskpolitikken. Skjold meiner at bokmål og nynorsk er to skilde språk, og dei bør omtalast som det. Ho skriv at bokmål og dansk er meir like kvarandre enn bokmål og nynorsk, og da må bokmål og nynorsk vera to språk.

Innlegget fekk svar frå ein som representerer organisasjonen Bokmålsforbundet, og som meinte at bakgrunnen for dette åtaket på målform-omgrepet er dei finansielt gode støtteordningane i EU for minoritetsspråk. For å få tak i dei må da nynorsk først bli definert som eit eige språk. Om det er slike politiske omsyn som ligg bak, skal eg ikkje følgje opp her.

Skjolds innlegg fortener nemleg òg eit meir fagleg basert svar. Det er i hovudsak eit fagleg spørsmål ho reiser: Korleis skal vi omtala dei to skriftnormalane våre? Det er nemleg ikkje så greitt å veta, ettersom den norske språksituasjonen er temmeleg unik.

Dei nordiske nasjonalspråka norsk, svensk og dansk er lette å skilja frå kvarandre når vi høyrer dei blir talte. Sjølv om vi jamt over forstår dansk og svensk, og dei norsk, så blir dei omtalte som tre skilde språk, og dei representerer tre nasjonar. Og at tale er primært i høve til skrift, er også noko dei fleste er klar over.

Når vi da har stilt oss slik her i landet at vi skriv norsk talemål på to måtar, så treng vi eit omgrep som fortel at det er snakk om to skriftformer for det same nordiske nasjonalspråket. Og da har ein valt å bruke termen "målform". Termen har såleis ikkje noko som helst med samnorskpolitikken å gjera. Bokmål og nynorsk er to skriftspråk, to skriftnormalar, to målformer, men ikkje to språk. Dei er båe norske.

Ernst Håkon Jahr

Professor i nordisk språkvitskap

Universitetet i Agder

ernsthakon.jahr@uia.no

Framheva poster
Siste innlegg
Arkiv
Søk på tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page