top of page

Språklig samlings litteraturpris for 2014 til Hanne Bramness

Hanne Bramness fikk litteratuprisen for 2014. Litteraturpriskomiteleder Margit Ims sier dette om Bramness og hennes fantastiske lyrikk:

Bramness er ein allsidig lyrikar. Ho skriv sterke og innhaldsrike dikt i eit konkret språk. Bramness får fram det store på små flater og viser fram betydningsfulle kontrastar. Aldri har vel vekta av ingenting hatt ei slik tyngd som i titteldiktet i samlinga Vekta av lyset. Dikta kan innehalde skjebneglimt eller forteljingar, med utgangspunkt i sansane og konkrete bilete skapar Bramness stemningar og rom for refleksjon og undring. Ho har eit stort spenn, ho er tett på detaljar, men enten vi blir med Bramness på klesvasken, på sightseeing i Thessaloniki eller på konsert, blir vi òg med ut av blikkfanget som ser her og no. Som ein meldar har skrive: «Ofte peker tekstene ut av det aktuelle bildet og inn i andre, større, varigere livsrom.» Bramness sitt blikk ser meir og bringer oss langt tilbake i tid, samtidig som ho fokuserer på nære detaljar. Slike rom av tid opnar seg fleire plassar i lyrikkkunsten hennar, i møte med ekko av døde stemmer og spor av dei som har gått her før. Lesaren får kjensla av lang tid og fellesskap med menneske som har levd før oss og opplever nett det som er skildra i prosadiktet «Konsert» i Vekta av lyset: «Nå er alle her på én gang, samlet rundt et hvitt lys som fins i musikken, eller et gjennomsiktig mørke, noe som beskytter oss.»

Også språkleg er Bramness allsidig. I forfattarskapen finn ein variasjonar av språkformer og klangar tilpassa kvar enkelt utgiving. Det ser ut til at Bramness lyttar seg fram til form og stoff med ein ektefølt klang. I diktsamlingane det siste tiåret er det eit poetisk og musikalsk språk som går i lei av radikale bokmålsformer. Tildelinga av Språkleg samlings litteraturpris til Hanne Bramness er ikkje berre ein hyllest av litterær kvalitet, men òg ein hyllest til eit språkleg mangfald og krafta som finst i det.

Framheva poster
Siste innlegg
Arkiv
Søk på tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page