Kommentarar til høyringsnotat frå Språkrådet om endringer i normeringa av bokmål og nynorsk

Landslaget for språklig samling (LSS) er ein av mottakarane på høyringslista for dei reviderte retningslinjene for normering av bokmål og nynorsk. Vi har ein del kommentarar, som vi skal gjennomgå punktvis i dette dokumentet. Punkta har i hovudsak titlar som viser til dei same titlane i nynorskdelen av høyringsnotatet (avsnitta 6 og 7).


Høyringsnotatet opnar med eit oversyn over endringane frå versjonen av retningslinjene av 2015. Sidan LSS ikkje tidlegare har sett versjonen av 2015, kommenterer vi verken den delen av høyrings­notatet som oppsummerer endringane (kapitlet 4. Normeringsprinsippa i gammal og ny versjon), eller den gamle versjonen, dvs. kapitla 7 og 8 (7. Gjeldande retningslinjer (nynorskversjon) og 8. Gjeldande retningslinjer (bokmålsversjon)).


Innleiing til kommentarane

Vi ønsker å opne kommentarane våre med å understreke at LSS meiner normeringa av dei norske skriftspråka bør skje på eit mest mogleg demokratisk grunnlag. Med det meiner vi at normeringa bør gjerast av eit offentleg organ som er utnemnt av Stortinget, får retningslinjene sine frå Stortinget og i hovud­sak har denne eine oppgåva å arbeide med. Vi oppfattar Språkrådet som eit slikt organ, og ønsker at ansvaret for normeringa av de norske skriftspråka skal bli verande der.


Avsnitta Innleiing og 1 Kva er ei norm?

I desse avsnitta blir tydinga til omgrepa norm og normering greidd ut. Tilhøvet mellom internaliserte og fastsette normer blir forklart. Avsnittet endar slik:


Språkbrukaren lærer seg typisk dei fastsette normene gjennom formell undervisning eller annan [sic] opplæring. Målet er at dei fastsette normene skal styra språkbruken og påverka dei internaliserte normene, og eventuelt sjølve bli internaliserte normer. Eit vilkår for at ei fastsett norm skal kunna fungera som ei norm og ikkje berre eit påbod, er at den fastsette norma ikkje må bryta grunnleggjande med den internaliserte språknorma hos språkbrukarane.


I LSS tviler vi sterkt på om det er rett at det skal vere eit mål at skriftnormer skal styre språkbruken og påverke dei internaliserte normene til talarane. Det er vel vanlegare å hevde det motsette synspunktet. Synspunktet blir mildna noko av ordet eventuelt, men kan likevel gi inntrykk av at retnings­linjene oppfattar skriftspråk som meir grunnleggande og korrekt enn talt språk.


Men den siste setninga i sitatet ovafor er heilt i tråd med synet til LSS. Det er viktig at den fastsette norma (skriftnorma) ikkje bryt for mykje med den internaliserte språknorma (som vi les som talemålet) til språkbrukarane.


Avsnittet Kvifor normera?

Dette avsnittet er interessant og opnar for grunnleggande spørsmål: Kva for samfunnsmessige behov er det ein ønsker å tilfredsstille gjennom ei normer­ing? Korleis bør ei norm vere innretta for at brukarane av norsk skriftspråk skal ha mest mogleg nytte av ho? Men LSS kan ikkje sjå at spørs­mål av denne typen blir drøfta i særleg grad i diskusjonen i avsnittet. I staden finn vi ein meir teknisk diskusjon der vekta blir lagd på å syne at skriftspråk er noko anna enn talespråk. Det er sjølvsagt ikkje urett, men her blir dette poenget dratt så langt ut at teksten i stor grad opphevar det som blei skrive i innleiinga av avsnittet: "Opphavet til eit skriftspråk er skriftfesting av eit eksisterande talemål [...]". Vi er redde for at ei tilnærming der skriftspråk blir oppfatta som noko anna enn tale­språk, lett kan føre med seg at ein nedgraderer den innverknaden utviklin­ga i talemålet bør ha for normeringa av skriftspråket.


Verre er det at synet på skriftspråk som vesensforskjellig frå talespråk gjer at perspektivet på skriftspråket som ein arbeidsreiskap fell ut av diskusjonen. I staden dreier teksten i avsnittet seg om to andre hovudpoeng: For det første at skriftspråk er noko anna enn talemål: "Såleis er eit skriftspråk òg eit eige, sjølvstendig språk som må lærast; det er ikkje berre eit transkripsjonssystem for tale". For det andre er teksten opptatt av det den kallar historisk "djupn" i skriftspråk, dvs. at skrivne tekstar skal kunne lesast lenge etter at forfattaren har gått bort. Desse synspunkta leier fram mot rangeringa av ulike normerings­prinsipp seinare i notatet (avsnitt 6), og er mellom anna noko av grunnlaget for å gi det såkalla stabilitetsprinsippet ei viktig rolle.


LSS meiner at omtale av den sentrale funksjonen skriftspråk har som ein arbeidsreiskap i samtida burde fått plass i avsnittet. Samhandling av meir for­mell karakter personar imellom og mellom personar og institusjonar/bedrifter går ofte føre seg skriftleg, i dag òg antakeleg meir enn tidlegare. Kontraktar, avtalar, bruksrettleiingar og lovtekstar må kunne lesast og for­ståast. Det kan vere naudsynt å utforme ein søknad, ei klage eller ein rapport. Det er ein trend i tida at mykje kommunikasjon av både formell og uformell art skjer skriftleg, gjerne via eit tastatur og ei skjermside. Dagens samfunn er såpass samansett at ein person som ikkje kjenner seg heime ved å uttrykke seg skriftleg, har eit handikapp.


Går vi tilbake til dei to spørsmåla vi reiste innleiingsvis (om samfunnsmessige behov og nytte for brukarane), ønsker LSS derfor at oppgåva til skriftspråket som ein arbeidsreiskap i samtida må bli tatt inn i teksten i dette avsnittet. Nytteverdien av skriftspråket som ein arbeidsreiskap bør òg bli vektlagd som minst like viktig som den meir historiske oppgåva til skriftspråket. For å kunne tene som ein arbeidsreiskap må skriftspråket vere ope for å ta opp i seg den utviklinga som skjer i både talespråk og skriftspråk over tid. Det kjem vi tilbake til seinare.


Avsnittet endar med ei oversikt over kva slags tekstar som kan leggast til grunn for normerings­arbeidet. Her står det mellom anna:

I vår digitale tidsalder er det naturleg at det òg blir lagt vekt på nyare digitale sjangrar. Dette føreset at tekstane har ein viss permanens og ikkje er del av ein flyktig digital straum av kommentarar og innlegg i sosiale medium, og at ein kan gå ut frå at tekstane har vore gjennom ei viss redigering og kvalitetssikring.


I LSS er vi samde i at nyare digitale sjangrar må komme med i grunnlaget for normeringa, men kravet om avgrensing gjennom permanens og "redigering og kvalitetssikring" finn vi både underleg og strengt. Det går tilbake til synet vårt på skriftspråket som ein arbeidsreiskap. Eit skriftstykke blir skrive for å bli forstått. Skrivaren "kvalitetssikrar" teksten ut frå dette omsynet og si eiga språk­kjensle. Det bør ein kunne oppfatte som eit innspel frå skrivaren om korleis ho/han ønsker at skriftspråket skal vere. Permanens er i denne saman­hengen eit underleg krav. Teksten har ein verdi så lenge nokon les han og gjer seg nytte av han. Det gjeld anten teksten er ei bok, ei avis eller eit digi­talt skriftstykke. Teksten er uansett formulert og publisert, uavhengig av graden av permanens.


Nemninga "digitale sjangrar" dekker ei rad ulike typar skriftstykke. Aviser og bøker er vel etablerte som digitale medium ved sida av utgåver på papir. Offentlege dokument av ymse slag er i dag i regelen lettare tilgjengelege digitalt enn på prent. Til "nyare digitale sjangrar" vil vi òg rekna sms-ar, e-postmeldingar, innlegg i sosiale medium og innlegg i kommentarfelt av ymse slag. Mens sms-ar oftast er del av ein ein-til-ein-kommunikasjon, rekk e-postmeldingar og tekstar i sosiale medium og andre kommentarfelt i regelen ut til langt fleire. På linje med tekstar i digitale aviser bør dei takast med i grunn­laget for normeringa av dei norske skriftspråka.


Nokon kan tenkast innvende at det ikkje alltid er så enkelt å avgjere kva for skriftspråk ein tekst skal reknast å høyre til. Det kan ein vel velje å tolke som eit høve for at ordformene i teksten det gjeld, bør komme med i både nynorsk og bokmål.


Punkt 6.2 Prinsipp for normeringa av bokmål

Punkt 6.2 startar med ei oversikt over dei prinsippa Språkrådet ønsker å følge i normeringa av bokmålet. Her nemnast òg at prinsippa for bokmålet i stor grad fell saman med prinsippa for normering av nynorsken, og vidare finn vi: "I tråd med språklova og andre styrings­dokument er dei to første prinsippa – sjølvstende og stabilitet – overordna dei andre prinsippa. Bruksprinsippet speler òg ei overordna rolle i tilfelle der det er snakk om å gjera endringar i norma."


LSS har kommentarar både til den rangeringa av prinsippa som er nemnd her og til fleire av enkeltprinsippa. Kommentarane gjeld i det store og heile òg for dei tilsvarande prinsippa for nynorsk.


6.2.1 Sjølvstendeprinsippet

Sjølvstendeprinsippet først. Prinsippet blir presentert slik i høyringsnotatet:

Bokmålet skal normerast på grunnlag av sin eigen skriftlege praksis og si eiga utvikling, og uavhengig av nynorsk. Dersom bruk, tradisjon og språksystematiske omsyn ikkje taler for noko anna, skal ein likevel unngå skilnader mellom dei to skriftspråka når det gjeld bøyingstypar for ulike ord og genus for substantiv.


LSS meiner at sjølvstendeprinsippet, slik det er sett opp ovafor, er proble­matisk, lite tenleg og vanskeleg å gjennomføre. Det er særleg to aspekt av prinsippet vi ønsker å sette fingeren på:

  • Eigen skriftleg praksis og utvikling. Sjølvstendeprinsippet føreset at bokmålet har ein eigen skriftleg praksis og ei eiga utvikling, slik at det kan normerast "uavhengig av nynorsk". Men dette ser vi som ei sterk forenkling av den språklege verkelegheita i Noreg. I røynda lever brukar­ane av dei to skriftspråka våre i eit samfunn der dei dagleg opplever bruk av begge skriftspråka, både i skriftleg og munnleg praksis. Talt norsk ligg oftast ein plass imellom dei to skriftspråka, og det er vel kjent at ord, uttrykk og bøyingsformer også i skrift blir nytta på tvers av dei to normene. Ein skal ha ei nokså snever tilnærming til saka for å hevde at bokmål og nynorsk utviklar seg uavhengig av kvarandre. Det er heller ikkje rimeleg å snakke om "eigen" praksis for dei to skriftspråka. Tvert om er vel heller praksis i dag at bokmåls- og nynorsktekstar oftast nyttast om kvarandre og kan blandast friare enn nokonsinne. Det er derfor god grunn til å legge vekt på setning to i sitatet ovafor, om at ein skal unngå skilnader mellom skriftspråka dersom "bruk, tradisjon og og språksystematiske omsyn" taler for det.

  • Eiga utvikling og husnormer. I den grad ein likevel ønsker å diskutere kva ein eigen praksis kan vere, nyttar ein som datagrunnlag gjerne store tekstkorpus der boktekstar og avistekstar dominerer. Her støyter ein på det problemet at slike tekstar i regelen allereie har blitt normert ved at utgjevaren har nytta ei eiga norm, ei husnorm. I desse tilfella, som nok utgjer ein relativt stor del av grunnlagsdataa for normeringa, er det altså ikkje bokmålets eigne praksis eller eigne utvikling vi ser reflektert. I staden møter vi tekstar utforma etter ei privat norm. Dei private normene vi i LSS kjenner til, er alle ganske eins, og for bokmålets vedkommande høyrer dei heime i den meir konservative delen av bokmålsfloraen. Den mykje vidare variasjonen ein møter rundt om i bokmålsnære dialekter, blir overkøyrd av nokon få mediebedrifter. I den grad husnormerte tekstar blir nytta som grunnlag for normering av bokmålet, er det ikkje urett å seie at nokon har funne ein privat bakveg inn til normeringa av norsk skriftspråk, til ei normering som i utgangspunktet skulle vere offentleg og finne stad på vegner av fleirtalet av brukarar. Overdrive bruk av hus­normerte grunnlags­data kan derfor reise spørsmål om habiliteten til ei normering.

Det skulle vere greit å forstå at vi i LSS er lite nøgde med sjølvstendeprinsippet slik det er formulert i høyringsnotatet. Vi meiner det i stor grad er teori med ei nokså laus forankring i verkelegheita. Dei to skriftspråka er så like kvarandre og nyttast så mykje om kvarandre, at det er vanskeleg å tale om eigen praksis og eiga utvikling. Det er òg urimeleg å vente at folk skal kunne halde dei to normene klart frå einannan. Etter LSS si meining bør ein i staden legge vekt på at normeringa bør følge den generelle språkutviklinga i norsk. Skal normeringa vere reell og fruktbar, bør ein i valet av datatilfang for normeringa òg vere varsam med å nytte tekstar som allereie er normert gjennom ei eller anna husnorm. Vi foreslår derfor at definisjonen av sjølvstendeprinsippet i høyrings­notatet blir justert i retning av formuleringa under. Byter ein ut bokmål med nynorsk, gjeld prinsippet òg for nynorsk:


Bokmålet skal normerast på grunnlag av tradisjon og skriftleg praksis, og skal spegle den utviklinga som finn stad i norsk språk. Datatilfanget som blir lagt til grunn for normeringa, skal i hovudsak vere tekstar som ikkje er prega av førehandsnormering. Dersom bruk, tradisjon og språksystematiske omsyn taler for det, skal ein unngå skilnader mellom dei to skriftspråka når det gjeld bøyingstypar for ulike ord og genus for substantiv.


6.2.2 Stabilitetsprinsippet

Stabilitetsprinsippet er formulert slik i høyringsnotatet:

Rettskrivinga av 2005 skal ikkje endrast vesentleg, men det kan gjerast mindre justeringar. Slike justeringar omfattar i første rekkje ord som ikkje har vore normerte før, retting av inkonsekvensar i tidlegare normering og i oppfølginga av den, og normendringar som følgjer av at ordformer kjem inn i eller går ut av bruk i skriftleg praksis. I tillegg kan det bli aktuelt å gjera visse justeringar som følgje av systematisk undersøking av bruk, jf. sitatet frå språklovproposisjonen i pkt. 6.1 over.


Stabilitet over tid kan i utgangspunktet vere eit tenleg prinsipp, men å avgrense stabilitet til at det berre kan gjerast mindre justeringar, slik ordlyden seier, gir fort ein konflikt med neste prinsipp, Bruksprinsippet. Avgrensinga verkar òg langt strengare enn § 3 i Vedtekter for Språkrådet legg opp til. Det står ikkje nokon plass i Vedtektene at Språkrådet skal halde seg til ei spesifisert rettskriving, tvert imot står det at "Språkrådet [...] og gjer bindande normeringsvedtak når språkutviklinga tilseier det."


Det er òg uklårt for LSS kor formålstenleg det er å forankre stabiliteten i Rettskrivinga av 2005, som nå er 16 år gammal, eller i ei spesifisert rettskriving i det heile. Stabilitet over tid bør heller opp­fattast meir generelt som eit "glidande" prinsipp om at endringar på kort sikt ikkje bør være for store eller for brå.


Den siste setninga i Stabilitetsprinsippet, om å gjere visse justeringar som følge av systematisk undersøking av bruk, er i tråd med LSS sitt syn på korleis ei rettskriving skal normerast. I punkt 6.1 vil Språkrådet nytta "store korpus med bokmålstekst" til det føremålet. Vi føreset da, som tidlegare nemnt, at tekstar som allereie er normerte gjennom husnormer, ikkje får nokon dominerande plass i desse korpusa. I tillegg må data frå talemålet komme med i normerings­grunnlaget.


LSS meiner altså at Stabilitetsprinsippet slik det er formulert, er for stramt og gjer det vanskeleg å normere på ein realistisk måte. Referansen til rettskrivinga av 2005 bør takast ut, ei formulering om meir "glidande" stabilitet over tid bør komme inn, og avgrensinga av moglege justeringar bør opnast slik at ho kjem på linje med avgrensinga i § 3 i Vedtektene for Språkrådet.


6.2.3 Bruksprinsippet

Først som tredje prioritet blant prinsippa finn vi Bruksprinsippet. I punkt 6.2 står følgande: "I tråd med språklova og andre styringsdokument er dei to første prinsippa – sjølvstende og stabilitet – overordna dei andre prinsippa." Det er mogleg at denne utsegna er i tråd med språklova, men vi i LSS har ikkje klart å finne nokon formuleringar i språklova som støttar utsegna. Og enda klarare: Verken ordet sjølvstende eller ordet stabilitet er nytta i språklova. Vi har heller ikkje klart å finne forskrifter til lova som seier noko om dette. Kva som er meint med "andre styringsdokument" veit ikkje LSS og kan derfor ikkje kontrollere utsegna på dette punktet. Vi stiller oss derfor noko undrande til grunnlaget for denne prioriteringa av prinsippa.


Som nemnt tidlegare i høyringskommentarane våre er prioriteringa av Bruksprinsippet etter både Sjølvstende- og Stabilitetsprinsippet ei gåte for LSS. Vårt grunnsyn er at den faktiske daglege bruken av språket, i både skrift og tale, bør være den viktigaste faktoren når eit skriftspråk skal normerast. Det er vel òg meir i tråd med § 9 i Vedtektene for Språkrådet, som seier: "Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa." LSS sitt hovudsyn er derfor at Bruksprinsippet bør oppgraderast til å vere det fremste prinsippet i Retningslinjer for normering.


LSS stiller seg òg undrande til fleire sider av utforminga av Bruksprinsippet i Retningslinjer. Vi tar det punktvis:


  1. Første avsnitt i definisjonen av Bruksprinsippet lyder: "Det vesentlege grunnlaget for normeringa av bokmål er språket slik det ser ut i bokmåls­tekstar. Normeringsgrunnlaget er i første rekkje tekstar som har vore gjennom ein redigeringsprosess. Det er ikkje eit avgjerande kriterium kva slags medium teksten er publisert i (jf. siste avsnittet i kapittel 2)." LSS meiner at første setninga i dette sitatet fører til at tekstar får ei uhøveleg stor vekt i normeringsgrunnlaget. Vi meiner at praksis frå talemålet må nyttast som normerings­grunnlag i minst like stor grad som tekstar. Det er trass alt i talemålet brorparten av språkutviklinga finn stad. Vi er heller ikkje nøgde med avgrensinga om at tekstane må ha vore gjennom ei redigeringsprosess. Sett frå vår ståstad er det verken ønskeleg (på grunn av påverking frå husnormer) eller nødvendig. Ein må kunne nytte både redigerte og uredigerte tekstar som grunnlag for normeringsarbeidet.

  2. Andre avsnitt i definisjonen lyder: "Vurderingar på bakgrunn av bruks­prinsippet må byggja på undersøkingar av store korpus av bokmåls­tekstar som har god sjangerspreiing og regional spreiing og som både speglar dagens språk og går nokre tiår tilbake i tid." God spreiing med omsyn til sjangrar og regionar er i tråd med LSS sitt syn, men vi ønsker at tekstane først og fremst skal spegle dagens språk. Språket nokre tiår tilbake må vi føresette at allereie har blitt tatt omsyn til. Og igjen: "Husnormerte" tekstar må ikkje få dominere korpusa som blir nytta. Som nemnt ovanfor meiner vi det er viktig at korpus basert på talemål kjem med ved undersøking av språkbruk. Ei rekke ordformer som er vanlege i det som reknast som bokmålsnære dialekter, er ikkje tatt med i Rettskrivinga av 2005. Dei fleste av desse ordformene representerer ei tilnærming til nynorsk. Det er grunn til å tru at utelatinga kjem av at "husnormer" dominerer i dei korpusa som har blitt nytta i normeringa, og at talemål er lite representert.

  3. Fjerde avsnitt i definisjonen lyder: "Sjølv om ein primært skal ta omsyn til bruk i skriftlege tekstar, kan det òg vera aktuelt å ta omsyn til bruk i munnleg språk. Særleg gjeld det tilfelle der det er vanskeleg å finna tilstrekkelege data i skriftlege kjelder." Eit viktig prinsipp for LSS er at det skal vere enkelt for folk å formulere seg skriftleg, og da må ikkje skiljet mellom tale og skrift vere for stort. Vi meiner derfor at observasjonar frå munnleg språk­bruk må vektleggast på linje med skriftleg språkbruk. Det kan òg vere greitt å ha i minne at språkendringar og språklege utviklingstendensar i regelen først syner seg i munnleg språkbruk.


6.2.5 Enkelheitsprinsippet

Omtala av dette prinsippet startar slik: "Normeringa skal i størst mogleg grad gjelda klassar av ord snarare enn einskildord, slik at innslaget av unntak i bøyingsmønstera blir så få som råd." LSS støttar dette prinsippet, men vil kommentere at det nok ikkje er gjennomført i så stor grad som prinsippet ser ut til å tilseie og som vi kunne ønske. Særleg i bøyinga av svake verb finn vi ein del unntak frå dei generelle bøyingsmønstera. LSS ser gjerne at Språkrådet tar ein gjennomgang av rettskrivinga av 2005 på dette området.


7 Særskilt om nynorsk

Som tidlegare nemnt gjeld det meste av dei prinsipielle kommentarane våre like mykje for nynorsk som for bokmål. Det er likevel eit par punkt der det som er skrive om nynorsk skil seg noko frå det tilsvarande for bokmål. Desse punkta kommenterer vi her.


7.1 Bakgrunn

I omtala av nynorskrettskrivinga frå 2012 og mandatet for nemnda bak rett­skrivinga står mellom anna følgande:

Vidare skulle norma «appellera til språkbrukarar over heile landet og [gi] rom for former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar». Desse føringane er framleis retningsgjevande for normeringsarbeidet når det gjeld nynorsk.


LSS ser det som positivt at nynorsknorma skal appellere til språkbrukarar over heile landet og gi rom for former i allmenn bruk blant nynorskbrukarar. Vi vonar at det vil opne for at fleire ordformer med rot i bokmålsnære dialekter vil kunne bli tatt inn i nynorskrettskrvinga.


Også for nynorsken er det tatt inn ein passus om stabilitet: "2012-rettskrivinga bør i all hovudsak liggja fast i tida framover [...]" Som for bokmålet meiner LSS at det er uklokt å låse seg til ei spesifikk rettskriving, og at stabilitet heller bør følge eit "glidande" prinsipp ved at endringar på kort sikt ikkje bør være for store eller for brå.


Dei einskilde prinsippa i avsnitt 7

Også for nynorsk er Bruksprinsippet nedgradert til tredje prioritet. LSS har same kommentar til det for nynorsk som for bokmål: Bruksprinsippet bør vere det fremste og mest grunnleggande av prinsippa.


Ein litt merkeleg skilnad mellom omtala av prinsippa for bokmål og nynorsk syner seg ved at ordet talemål i det heile ikkje er nemnt for bokmålet, medan ordet blir nytta heile 7 gongar ved prinsippa for nynorsk! Aller klarast kjem skilnaden fram ved at nynorsk har fått eit eige prinsipp som bokmålet saknar: 7.2.6 Talemålsprinsippet. LSS er i det heile godt nøgd med det som er skrive under dette prinsippet, men meiner samstundes at det kan vere uklokt å avgrense det talemåls­grunnlaget ein vil legge til grunn for normeringa altfor sterkt til "kjerneområda for nynorsk" slik prinsippet ser ut til å legge opp til. Skal nynorsken vinne fram og få fleire brukarar, burde ein vel heller hente impulsar frå område utanfor kjerneområda, som vel skulle vere godt dekka allereie? Det kan verke som mandatet for rettskrivinga av 2012 hadde eit vidare grunnsyn på dette området.


Alt i alt ser vi i LSS positivt på at det vi peika på som ein mangel for bokmål, talemålsgrunnlag i normeringa, ser ut til å bli oppfatta som ei meir aktuell kjelde for normeringa av nynorsk.



Framheva poster
Siste innlegg