Norskfaget – ny læreplan, nye moglegheiter!

I løpet av 2020 og dei neste åra skal det innførast ein ny læreplan for norskfaget. Mykje i planen er likt den førre utgåva, men ikkje alt. Ein skilnad er mellom anna at den nye planen tar eit steg i retning av å sjå norsk som eitt fag ved at ein i større grad enn tidlegare skal gi ein samla karakter for hovudmål og sidemål.

Det er ei endring som mange vil ønske velkomen. Norsk er eitt språk, difor er det ikkje meir enn rimeleg at norsk også blir handsama som eitt fag. Enda viktigare kan det vere at elevane då slepp ei kunstig tvekløyving av eit språk som snarare er eit kontinuum av uttrykksformer enn to klårt skilde variantar. Tydelegast er vel det i talemålet, men heller ikkje i skrift er inndelinga krystallklår. Elevane skal mellom anna «analysere og tolke romaner, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk fra 1850 til i dag...». Der vil dei møte eit mylder av språkvariasjon. Det må finnast betre ting å gjere i norsktimene enn å drøfte kva for ei målform som er nytta i kvart einskilt tilfelle. For norskfaget er det vel viktigare å gi elevane tryggleik i formidling og kreativ skriving enn å drille dei i skriftnormer.

Mange – både skoleelevar og andre – har opp gjennom åra opplevd at det ikkje er enkelt å halde frå kvarandre to skriftnormer som er så like som nynorsk og bokmål. Og kor viktig er det eigentleg? Norsk er det anten ordet er henta frå nynorsk eller bokmål. Ville det ikkje vere betre om vi nå i staden for normtvang tok steg for å bygge ned skiljet mellom målformene? Det er ikkje meining i at eit lite land som Noreg, der alle kan forstå kvarandre og tale med kvarandre, skal bruke tid og krefter på grenseoppgang mellom to skriftnormer som utanforståande synest verkar svært like. Og dei er like. Så like er dei at nye ord og uttrykk i regelen kjem inn i begge med same eller om lag same staving og bøying. For kvart nytt ord og uttrykk blir dei to skriftnormene meir like kvarandre!

Både i skolen og elles må målet vere å arbeide for å utvikle eitt felles skriftspråk, kall det gjerne framtidsnorsk. Målet er ikkje spesielt utopisk; mange vil meine at vi kan komme langt ved å nytte dei mest utbreidde formene i dagens talemål som hjørnesteinar i byggverket. Meir materiale til bygginga må hentast frå nynorsk og bokmål. Det ville ikkje vere unaturleg om ein tok til i skolen. Eit første steg på vegen kunne vere at ein slakkar av på krava om at elevane skal halde seg innanfor éi skriftnorm i arbeida sine, og at ein i staden legg meir vekt på bodskap og formuleringsevne. Det er inga ulykke, verken i skolen eller elles, om nokre ord eller uttrykk «snik» seg over normgrensa. Trass alt ønskte både Aasen og Knudsen å arbeide fram eit fellesnorsk skriftspråk. Det er på tide å ta dei på ordet!

Framheva poster
Siste innlegg
Arkiv
Søk på tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2016 Landslaget for språklig samling

  • w-facebook
  • Twitter Clean