August 12, 2019

February 24, 2019

Please reload

Siste innlegg

Nynorsk – et eget språk?

October 10, 2019

1/3
Please reload

Framheva poster

Målform er ein realitet!

August 16, 2019

Gunnhild Skjold frå Norsk Målungdom hevdar i Dag og tid sist veke at nynorsk og bokmål må oppfattast som to sjølvstendige skriftspråk og ikkje som to former (målformer) av det same språket. Argumentasjonen minner om argumentasjonen til Erasmus Montanus når han «beviser» at Mor Nille er ein stein: Bokmål og dansk er på mange måtar likare enn nynorsk og bokmål, hevdar ho, men dansk og bokmål er likevel forskjellige språk. Altså må også nynorsk og bokmål vere forskjellige språk. Her hoppar ho glatt over ein del språklege og språkpolitiske realitetar.

 

Etter 1814 kom Noreg i union med Sverige. Men skriftspråket var framleis dansk, og det passa dårleg for både norsk talemål og den nye politiske situasjonen. Fleire tok initiativ til å skifte ut dansk med eit norsk skriftspråk; dei mest kjende i ettertida er Ivar Aasen og Knud Knudsen. Dei to valde forskjellig metode for arbeidet sitt, men felles for dei var at begge ønskte å skape eit skriftspråk som skulle nyttast av alle norsktalande. Ingen av dei to traff heilt, men kloke menneske arbeida dei neste hundre åra for å nærme de to formene av norsk skriftspråk til kvarandre slik at begge kunne lykkast. Utviklinga av moderne kommunikasjon og medier støtta denne tilnærminga. Dei to målformene er i dag blitt så like at det ofte verkar komisk å «omsette» mellom dei. Ser vi 30-40 år fram i tid – til framtidsnorsk – er skiljet mellom dei to kanskje blitt historie.

 

Gunhild Skjold blandar i innlegget sitt saman målføre/dialekt og skriftspråk/målform. Det er anerkjent at talemål er primært og at skriftspråk er ein skriftleg representasjon av talt språk. Norsktalande snakkar mange dialekter, og – som ordet «norsktalande» seier – alle snakkar norsk. Når ein nyttar to (eller fleire) skriftlege normer for å representere eit talt språk, gjer ikkje det normene til forskjellige språk. Dei er forskjellige målformer! Anten ein skriv nynorsk eller bokmål, så skriv ein norsk.

 

Nynorsk og bokmål skrivast ikkje heilt likt, men utover det viser dei alle teikn på å vere variantar av eitt språk. Lesarar av den eine målforma forstår greitt det som vert skrive på den andre. Ord og uttrykk lånast mellom målformene, og det går heilt smertefritt å blande ord og uttrykk frå dei to i ei og same setning. Dei to målformene utviklar seg også likt ved at nye ord og uttrykk innførast/oppstår samtidig i dei. Og – kanskje viktigast – for dagens unge språkbrukarar vert skiljet mellom dei to meir og meir irrelevant og ufruktbart.

Please reload

Følg oss
Please reload

Søk på tagger