August 12, 2019

February 24, 2019

Please reload

Siste innlegg

Nynorsk – et eget språk?

October 10, 2019

1/3
Please reload

Framheva poster

Nynorsk – eige språk eller pavens skjegg?

August 30, 2019

Ottar Grepstad ønsker i siste nummer av Dag og Tid å utvide horisonten. Det trur eg kan vere klokt, men å diskutere om nynorsk er ei målform eller eit eige språk, er neppe egna til å utvide noko som helst. Kva som vil skje med nynorsken i framtida, avheng ikkje av formelle definisjonar, men av kva og korleis folk ønsker å skrive. Og da er ein definisjon av nynorsk som eige språk kanskje ikkje den største godbiten å freista med? Å diskutere pavens skjegg kan vere grei tidtrøyte, men peikar ikkje framover. Den reelle diskusjonen er snarare livsvilkåra for nynorsken og alle dei språklege og kulturelle verdiane som tradisjonelt knyttar seg til nynorsk.

 

For det er klart at nynorsk står på raudlista over truga skriftnormer. Vi er mange som er bekymra over kva vi kan miste om nynorsk fell bort og eit konservativt bokmål blir einerådande på scena. Etter meir enn hundre års arbeid for å samkøyre nynorsk og bokmål i éin felles normal, der begge blir tekne omsyn til, har vi nå ein situasjon der både nynorsk og bokmål tviheld på særdraga sine. I første omgang er det nok nynorsk som tapar mest på det, men om dagens konservative bokmål til slutt står igjen som «vinnar», tapar vi alle. Som Bjarte Rundereim skreiv i Dag og Tid 16.08. i år: «Kva måte nynorsken skal døy på, er enno uviss. Men eg for min del er viss på dette: Om ikkje nynorsken evnar å følgja tida med omsyn til nyord og framandord og enklare (les: meir bokmålsnær) grammatikk, så vert nok ikkje brukarane fleire.» Det er dette vi bør diskutere. Å endre seg er ikkje det same som å døy. Det er språk som ikkje tilpassar seg som døyr.

 

Eg har tidlegare skrive at ein framtidig fellesnorsk skriftnormal må byggast på dei mest utbredte formene i norsk talemål. Reiseliv og moderne kommunikasjonar har etter kvart ført med seg at nokre ord- og bøyingsvariantar har vunne fram og teke over for meir lokale variantar. Det er desse mest nytta talemålsvariantane vi må bygge på. Folk er heller ikkje «trufaste» mot normene når dei snakkar. I talt norsk høyrer ein dagleg folk blande ord- og bøyingsformer som ein finn att i anten nynorsk eller bokmål. Slik kan vi òg ha det når vi skriv, om berre skriftnormalen er vid nok!

 

Til slutt ein kommentar til Grepstad, som meiner at spørsmålet om språk eller målform alt er løyst internasjonalt, i og med at standardiseringsorganisasjonen ISO i standarden ISO 639 skil mellom nynorsk og bokmål «på det høgaste nivået». Her kan det vere nyttig å vere klar over at denne standarden i hovudsak er oppretta for at dataprogrammerarar på ein enkel måte skal kunne merke applikasjonar og lagra data etter kva for ein skriftspråksvariant dei passar for eller er skrive med. Standarden registrerar at både nynorsk og bokmål finst som skriftnormer, men tar ikkje omsyn til om dei er skilde språk eller variantar av eitt språk. Og pussig nok finner vi både norsk (no), bokmål (nb) og nynorsk (nn) på ISO-lista...

Please reload

Følg oss
Please reload

Søk på tagger