top of page

Språk i Midt-Telemark

Midt-Telemark er eit artig språkpolitisk område. Her møtast fleire dialektar og her blir nynorsk og bokmål diskutert frå fleire sider. At folk er usamde om språk og språkbruk er heilt på sin plass. Likevel bør vi kunne stå samla om eit par ting i dialogen.

For det første er det ingen som snakkar bokmål eller nynorsk. Vi har ulike og skiftande dialektar, og det er som det skal vere. Omgrepa nynorsk og bokmål refererer ikkje til talemål, eller til norrmering av talemål. Nynorsk og bokmål står for skriftmål, for to variasjonar av det skriftspråket som kallast norsk.

Midt-Telemark har laga eit godt utkast til målbruksplan for kommunen. Men det gjer ikkje kommunen «tospråkleg», slik mållaget skriv i Bø blad, 7. febr. Midt-Telemark er ikkje tospråkleg. Som mange andre norske kommunar idag er kommunen vår faktisk fleirspråkleg. I Gullbring og i gata kan ein høyre fleire talespråk i løpet av ein dag. Det er positivt.

At vi, i vår praksis med skriftmålet, skal stø oss på både nynorsk og bokmål gjør heller ikkje kommunen tospråkleg. Nynorsk og bokmål er ikkje to ulike språk, men to former for skriftmålet norsk. Å meistre både nynorsk og bokmål i skrift er slett ikkje det same som å ha «tospråkleg kompetanse». Slik kompetanse har ein til dømes om spansk og norsk glir like lett hos ein og same språkbrukar.

Det kan godt vere at nynorsk i dag er pressa som skriftmål, men nynorsk og bokmål har begge eit mangfald og eit variasjonslager vi kan ause frå i det vi skriv! Mange av oss har nok no trøytna i den lange og ofte unødvendig harde språkkampen mellom bokmål og nynorsk. Mållaget har utan tvil ei framifrå sak, og nynorsk kan med fordel bli skriftform i skulane i Midt-Telemark. Men kvifor refererer mållaget nesten berre til ord i fortid, om behov for «særleg vern», om støtte til «nedarva talemål» og om undergraving av «det tradisjonelle språket».

Kom på pluss-sida!

Framheva poster
Siste innlegg
Arkiv
Søk på tagger
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page